Hopp til innholdet

TRENING FOR MENN

Prøv oss for 10 kroner i seks veker.

Manndomsprøven er vårt medlemskap kun for menn som vil prøve funksjonell trening – heilt uforpliktande. Kvar mandag i seks veker vil det vere ei økt der kun menn trener saman. Og deltek du på minst fem av treningane, får du det godkjend som introkurs i samme slengen. Så kva ventar du på?

Kvar mandag i seks veker

Manndomsprøven er kvar mandag i seks veker. Me startar 5. oktober, og siste økt vert 9. november. Ein får kun tilgang ved å kjøpa Manndomsprøvenmedlemskapet vårt til kr. 10 (ja, du leste riktig). Ein melder seg på heile perioden før oppstart, og drop-in er ikkje mogleg. Med begrensa antall plassar, er det førstemann til mølla som gjeld.

Tidspunkt: mandag kl. 19:15-20:15.

Trening for menn uansett utgangspunkt

Treninga vil ha fokus på å gje ein grundig og trygg innføring til funksjonell trening. Du treng på ingen måte å ha tidlegare erfaring, men kun eit ønske om å bli sterkare, meir uthaldande og meir bevegeleg. Me skal trena både tungt og lett, og roleg og hardt. All trening blir tilpassa den enkelte, med dei føresetnadane ein har. Det vil seie at om du ikkje kan gå ned i ein full knebøy eller klarar ein einaste pull-up, vil dette passa for deg.

Variert trening som passar alle menn

Timane på Manndomsprøven vil bestå av ein grundig oppvarming, ein hovuddel der me jobbar med styrke og teknikk, samt ein intensiv uthaldsdel som avslutning. Alt innanfor ein klokketime. Me bygger øvingsutvalet, belastning og intensitet gradvis opp gjennom perioden, slik at alle får tid til å tilpassa seg denne typen trening, og kjenne at dei meistrar det.

Manndomsprøven har kun 16 tilgjengelege plassar, og det er ikkje mogleg å melda seg på etter oppstart.

Frå Manndomsprøven til fullverdig medlem med introkurs

Etter sjette og siste trening med gjengen på Manndomsprøven, kan dei som vil kjøpa eit ordinært medlemskap. Du får nemleg bestått introkurs om du deltek på minst fem treningar. Då er du klar for både turntysdag og OLY-onsdag, og alt det andre me gjer i løpet av ei veke på Hardingboksen.

PS: Det er ingen krav til å melda seg inn hjå oss, eller noko som helst binding på Manndomsprøvenmedlemskapet. Heilt uforpliktande (men, me krev sjølvsagt at du møter opp).

Har du spørsmål som gjeld Manndomsprøven, ver vennleg å ta kontakt 🙂

Send oss ei melding

Lurer du på medlemskap, introkurs, personleg trening eller kva som helst anna som gjeld Hardingboksen og functional fitness? Me står klare til å svara på dine spørsmål!

970 22 728

Hardangerfjordvegen 571, 5610 Øystese

Følg oss på Instagram

Du godtar å motta nyhetsbrev frå oss ved å sende denne meldinga.