Introkurs
Er du interessert i å trena på Hardingboksen, men har ikkje tidlegare erfaring med functional fitness eller CrossFit? Då krev me at du tar eit introkurs før innmelding.
Neste introkurs?
Her er våre neste kurs. Meld deg på via knappen under.
Passar ikkje oppsatt kursdato deg, kan du melda di interesse ved å senda ein melding til oss. Det er heilt uforpliktande. Då får du melding om neste kursdato på e-post.
Kva går me gjennom på introkurset?
Kurset er på tre timar, og går bl.a. gjennom dei mest grunnleggende øvingane i functional fitness, i tillegg til styrkeløft, vektløfting, turnøvingar, metcons, og korleis me ønsker å ha det på Hardingboksen.
Kven passar introkurset for?
Introkurset passar for alle som vil trena på Hardingboksen. Men, du kan ta kurset utan å melda deg inn etterpå. T.d. om du berre er nysgjerrig på Functional Fitness, og vil få ein skikkeleg innføring.
Må eg ha introkurs?
Ja, alle våre medlem må ha introkurs. Men, har du trent på eit tilsvarande senter tidlegare (Functional Fitness eller CrossFit), og tok introkurs der, kan du ta kontakt, så kan me laga eit unntak. Manglar du introkurs, kan du testa øktene me har på torsdagar og laurdagar (partner- og teamøkter). Men, ønsker du å prøve dei andre øktene våre, samt ha tilgang til eigentrening, må du ta introkurset.
Er det naudsynt med introkurs?
Ja! Det er mange grunnar til at ein må ha introkurs.
Viktigast av alt, er at nye medlem får ein grundig og trygg innføring i teknikkane og treningsmetodane me brukar oftast. Introkurset gjev òg ein mjuk og kontrollert start, som sikrar at kroppen får litt ekstra tid til å venna seg til intens og tung trening.
Når alle medlem har tatt introkurset, sikrar me ein viss kvalitet på timane, slik at dei som allereie trenar hjå oss, slepp å høyre dei samme beskjedane kvar einaste trening. På den måten kan me gå vidare, og ikkje heile tida starta på nytt.
I tillegg ønsker me å innføra samtlege medlem i våre reglar og kultur, slik at Hardingboksen blir ein fantastisk plass å vera.
Det er òg ein veldig fin start for nye medlem, der dei får tid til å setja seg inn i treningsforma, utan å føla seg til bry for dei som har vore med lenge.

Kva kostar det?
Introkurset kostar kr. 990. Men, alle som tar introkurset, og melder seg inn med 12 mnd. binding etterpå, får første månad gratis. Tilbodet kan kombinerast med andre medlemskap og kampanjar først. T.d. at du først kjøper eit prøveabonnement, tester oss ut i den perioden, og deretter melder deg inn med 12 mnd. binding, og får første mnd. gratis.
Kurset har maksimalt 12 plassar, og krev min. fem påmeldte for å bli gjennomført.
Test oss for kr. 690/mnd i tre månadar!
Send oss ei melding
Lurer du på medlemskap, introkurs, personleg trening eller kva som helst anna som gjeld Hardingboksen og functional fitness?
Følg oss på Instagram