Hopp til innholdet

UNGDOMSTRENING

Me tilbyr endeleg ungdomstrening på Hardingboksen, med vårt Young Guns-medlemskap. Frå det året du fyller 16 år, til og med det året du fyller 19 år, kan du benytta deg av dette. Er du nysgjerring på funksjonell trening, og vil lære deg trygg løfteteknikk, få betre styrke og uthald, samt kjennskap til dei typiske øvingane funksjonell trening består av? Då kan våre YG-timar vera det du leitar etter.

Ungdomstrening mandag og onsdag + ordinær trening torsdag + lørdag

Young Guns ungdomstrening er kvar mandag og onsdag heile skulesemesteret. Me følgjer skuleruta, dvs. det er ingen trening i feriar og på raude dagar. For vårsemesteret i 2027 startar me onsdag 6. januar, og siste blir onsdag 16. juni.

Ein får kun tilgang ved å kjøpa Young Guns-medlemskapet vårt. Dette medlemskapet gjev deg både tilgang til ungdomstreningane, og dei ordinære øktene våre på torsdagar og lørdagar. Ein melder seg på eit semester om gongen, og drop-in eller påmelding etter oppstart er ikkje mogleg. Slik sikrar me ei stabil gruppe som heile tida kan gå steg for steg vidare i treninga.

Tidspunkt: Mandag og onsdag kl. 19:15-20:15 + torsdag (06:00, 09:00 eller 18:00) og lørdag (kl. 09:00)

Pris: kr. 2950 per semester.

Funksjonell trening for ungdom

Startar du med funksjonell trening i tenåra legg du alt til rette for eit liv med livslang rørsleglede.

Gjennom å trena med andre får du utfordra og stimulert deg sjølv sosialt.

Med strukturert og kontinuerleg trening vil du bli meir uthalden, og sterkare i musklar, senar, ledd og skjelett, slik at du kan halda deg frisk og skadefri. I tillegg kan hard og intens trening gjere deg sterkare mentalt, og betre til å takla motgang og stress.

Erfarne trenarar vil læra deg trygg teknikk i øvingar som knebøy, markløft og skulderpress. Og dei lærer deg funksjonelle og spennande øvingar som handstand push-ups, toes to bar og olympiske løft. Deltar du på våre ungdomstreningar får du ein meir funksjonell kropp, som kan takla dei fleste utfordringar du kastar deg ut i.

Introkurs inkludert i ungdomstreninga

Ungdomstreninga hjå oss passar for alle, og du treng ikkje tidlegare erfaring med funksjonell trening eller CrossFit for å kunne delta. Ved å delta på ungdomstreninga får du det godkjent som introkurs viss du deltar minst ein gong i veka heile semesteret.

Timane vil som oftast bestå av oppvarming, ein hovuddel med funksjonell trening (styrke, turn, vektløfting, kropssvektstrening, m.m.), samt ein intensiv uthaldsdel som avslutning. Me bygger øvingsutvalet, belastning og intensitet gradvis opp gjennom perioden, slik at alle kroppar får tid til å tilpassa seg denne typen trening.

Meld deg på ungdomstrening

YG-treninga har maksimalt 18 tilgjengelege plassar, og det er ikkje mogleg å melda seg på etter oppstart, eller kjøpa drop-in.

Frå YG-medlem til fullverdig medlem

Har du fylt 18 år, og ser at denne treningsforma kan vere noko du vil halde fram med? Då kan du kjøpa eit ordinært medlemskap (og me har studentrabatt). Då kan du delta på alle dei ordinære timane i timeplanen vår, i tillegg til at du får tilgang til eigentrening og alt det andre kjekke me finn på saman.

Har du spørsmål som gjeld Young Guns, ver vennleg å ta kontakt 🙂

Send oss ei melding

Lurer du på medlemskap, introkurs, personleg trening eller kva som helst anna som gjeld Hardingboksen og functional fitness? Me står klare til å svara på dine spørsmål!

970 22 728

Hardangerfjordvegen 571, 5610 Øystese

Følg oss på Instagram

Du godtar å motta nyhetsbrev frå oss ved å sende denne meldinga.