HRD TRENING.
ENKELT LIV.
Velg det ukomfortable og tren functional fitness på Hardingboksen i Øystese.
Functional fitness i Kvam
Me er det første og einaste senteret for functional fitness i Kvam. Treningsformen som har blitt popularisert av CrossFit, består blant anna av sirkeltrening, intervalltrening, styrketrening, vektløfting og turn. Alt med høg variasjon og intensitet, pakka inn i økter på éin time. Dette er trening som passar for alle, og samtlege økter og øvingar blir tilpassa til ditt noverande nivå.
På Hardingboksen har me timar på morgon, formiddag og kveld. I tillegg er me opne for eigentrening frå 07:00-21:00 for våre medlem. Då kan du trena på det du ønsker, enten åleine eller saman med andre.
Er denne treningsformen ukjent for deg, kan du prøve timane våre på torsdagar og laurdagar. Og ønsker du å få ein skikkeleg innføring, få tilgang til samtlege timar med drop-in og klyppekort, eller bli eit fullverdig medlem, må du ta eit introkurs.

Les kva nokre av våre medlem seier

Hrd trening. Enkelt liv.
Å trene på Hardingboksen er moro, men på ingen måte enkelt. Du må ha disiplin til å møta opp veke etter veke, òg på dei dagane du ikkje har lyst å trene. Og me forventer at du gjennomfører øktene med full innsats, og at du presser deg hardt, gong etter gong.
Det er ukomfortabelt akkurat mens du held på. Men, det er når du velger det ukomfortable at du får det mest komfortable livet – det enklaste livet. Eit liv med god fysisk styrke og uthald, ein rå psyke og eit støttande fellesskap rundt deg.
Bli medlem for å få tilgang!
Send oss ei melding
Lurer du på medlemskap, introkurs, personleg trening eller kva som helst anna som gjeld Hardingboksen og functional fitness?
Følg oss på Instagram