Barseltrening
Me tilbyr no barseltrening på Hardingboksen. Har du nyleg blitt mamma, og ønsker å få (tilbake) ein funksjonell kropp? Då kan våre timar for barseltrening vera ein god start. Her kombinerer me sosialt fellesskap og funksjonell trening, og me tar hensyn til den enkelte sine føresetnadar, og trenar både roleg og hardt i samvær med borna.
Noverande barselgruppe er full. Nytt opplegg startar etter påsken. Meld di interesse allereie no.
Kvar onsdag i 11 veker
Barselgruppa er kvar onsdag i elleve veker. Me startar den 14. januar, og siste økt vert 1. april. Ein får kun tilgang som fast medlem eller ved å kjøpa Barsel-medlemskapet vårt. Barselmedlemskapet gjev kun tilgang til barseltreningane. Ein melder seg på heile perioden, og drop-in er ikkje mogleg for å sikra ei stabil gruppe.
Tidspunkt: kl. 10:00-11:00
Barseltrening tar hensyn til den enkelte
Treninga vil ha fokus på trygg retur til trening. Me skal trena både roleg og hardt, men alltid med hensyn til den enkelte, og dei føresetnadane de har. Utanom treninga, vil dette vere ein fin stad å møte andre mødre i barsel, og det vil vera rom for prat undervegs.
Treng ikkje tidlegare erfaring
Barseltrening hjå oss passar for alle, og du treng ikkje tidlegare erfaring med funksjonell trening eller CrossFit for å kunne delta. Timane vil bestå av ein omfattande oppvarming, funksjonelle rørsler som er trygge for dei som nyleg har gått gjennom ein fødsel, samt ein roleg nedtrapping.
Frå barseltrening til fullverdig medlem
Føler du deg klar for både barseltrening og vanleg trening på boksen? Då kan du kjøpa eit ordinært medlemskap (krev introkurs). Har du hatt ein relativt uproblematisk graviditet, og du har fått trent jamnleg gjennom heile svangerskapet, vil me kunne tilpassa våre daglege økter, slik at du kan bli eit fullverdig medlem på Hardingboksen allereie no.
Har du spørsmål som gjeld barseltreningen, ver vennleg å ta kontakt 🙂

Send oss ei melding
Lurer du på medlemskap, introkurs, personleg trening eller kva som helst anna som gjeld Hardingboksen og functional fitness?
Følg oss på Instagram