Hopp til innholdet

BLI MEDLEM

Om du ønsker å bli medlem av Hardingboksen, tilbyr me medlemskap med ulike bindingstider. Er du ikkje klar for regelmessig trening, tilbyr me både drop-in og klyppekort. I tillegg har me fleire ulike alternativ for deg som vil prøva oss før du går all in!

Introkurs eller ikkje

Legg merke til skilanden på «har introkurs» og «har ikkje introkurs». Det er kun drop-in og prøvetime merka «har ikkje introkurs» som kan kjøpast om du ikkje har introkurs eller lang erfaring med functional fitness/CrossFit. «Har ikkje introkurs»-produkta gjev tilgang til timane me har på torsdagar og laurdagar. Dette er partner- og teamøkter, med fokus på enkle, funksjonelle øvingar med høg intensitet, som ikkje krev inngåande kunnskap i avanserte teknikkar.

Ein app for alt

Last ned Pushpress Members-appen for å melda deg på timane, sjå øktene våre og halde styr på medlemskapet ditt. Gå til Google Play eller App Store for å lasta ned.

Trykk på det medlemskapet du ønsker under for å gå til innmeldingssida.

Alle medlemskap krev introkurs. Er du usikker på om det gjeld deg, ta kontakt.

Drop-in, enkeltmånad og klippekort

Er du ute etter ein drop-in, enkeltmånad eller eit klippekort? Då kan du trykka på knappane under.

Våre klippekort er gyldige i 6 månadar. Ta kontakt om du treng lenger gyldigheit.

Prøvetime og prøvemedlemskap

Er du fastbuande i Kvam, og vurderer eit medlemskap hjå oss? Då kan du testa ei økt heilt gratis først, eller testa oss i tre månadar til redusert pris og ingen binding.

Er du derimot kun heime på ferie eller besøk, er du hjarteleg velkomen til å prøva oss ved å kjøpa ein ordinær drop-in, ein enkeltmånad eller eit klyppekort.

Prøvetimar og prøvemedlemskap kan kun nyttast éin gong.

Bli medlem for eigentrening

Me har Open Gym for eigentrening frå kl. 07:00-21:00 kvar dag. Open Gym er kun for faste medlem, eller besøkande som kjøper drop-in i følgje med eit fast medlem. Dette alternativet gjeld kun etter avtale, så ta kontakt.

Det er ikkje mogleg å booka plass på Open Gym med vanleg drop-in, og du får heller ikkje adgang til lokalene på eigahand som besøkande. Men, du er sjølvsagt veldig velkomen på våre gruppetimar.

*Enkeltmånad og 3 mnd. prøvemedlemskap har ingen oppseiingstid. Dvs. at du må aktivt kjøpa nytt abonnement etter at den valde perioden er ferdig. Vel du abonnement med 1 mnd., 6 mnd. eller 12 mnd. binding, er det éin månad oppseiingstid (+ resterande tid i påbegynt månad).

ENDÅ IKKJE FYLLT 18 ÅR?

Prøv ungdomstreninga vår!

Send oss ei melding

Lurer du på medlemskap, introkurs, personleg trening eller kva som helst anna som gjeld Hardingboksen og functional fitness? Me står klare til å svara på dine spørsmål!

970 22 728

Hardangerfjordvegen 571, 5610 Øystese

Følg oss på Instagram

Du godtar å motta nyhetsbrev frå oss ved å sende denne meldinga.