Hopp til innholdet

Personleg trening

Personleg trening for functional fitness

Personleg trening for functional fitness gir deg individuelt tilpassa opplæring og rettleiing i funksjonelle øvingar. Ønsker du teknisk opplæring utover det du får på timane og introkurset våre? Då kan våre personlege trenarar hjelpe deg. Enten det er grunnleggande øvingar som knebøy, roing eller pushpress du treng hjelp til. Eller meir avanserte teknikkar, som rykk, støt, toes to bar og handstand push-ups. Du kan òg få hjelp til pre- og rehabiliterande øvingar, eller at me spesifikt jobbar mot betre mobilitet i t.d. skuldre eller hofter.

Du får opplæring som er nøye tilpassa dine mål, føresetnader og erfaring. Uansett om du er nybyrjar eller erfaren utøvar, sikrar personleg trening at du lærer øvingar og teknikkar på ein trygg, effektiv og strukturert måte. Med tett oppfølging får du dei tilbakemeldingane og den tida du treng for å forstå og meistra øvingane skikkeleg.

Personleg trening for alle nivå

Personleg trening passar både for nybyrjarar som vil starte trygt og effektivt, og for erfarne utøvarar som ønskjer å heve kvaliteten på treninga si. Med ein personleg trenar får du ikkje berre rettleiing i teknikk, men også motivasjon og struktur.

PT 1-til-1 eller PT Duo

Me tilbyr PT 1-til-1 og PT Duo. Med 1-til-1 er det kun deg og trenaren, medan duo gir deg høve til å trene saman med ein annan. Duo kan vera både meir sosialt, litt mindre intimt, og sjølvsagt billigare. Alle timar varer i ein heil time, med moglegheit for andre løysingar om ønskeleg.

Ønsker du eit privat introkurs, kan du kjøpa pakken «3 klipp» på PT 1-til-1. Eller om du vil gjera kurset med ein ven, vel tilsvarande pakke på PT Duo. Om du melder deg inn med 12 mnd. binding etter introkurset (gjerne i kombinasjon med andre typar medlemskap først), får du første månad gratis.

Tar atterhald om skrivefeil og prisendringar.

1 klipp

1000


3 klipp

2500


5 klipp

4000


10 klipp

7500


Tar atterhald om skrivefeil og prisendringar.

1 klipp

1600


3 klipp

4000


5 klipp

6400


10 klipp

12000


Våre trenarar

Instruktør på gruppetimar
INSTRUKTØR

Eirik Ulltang

Utdanning: Bachelor i trening, coaching og idrettspsykologi frå NIH, landslagsutøvar i trial, samt 11x Noregsmeister i trial.

INSTRUKTØR

Tone Harboe

Utdanning: Master i idrettsfag og kroppsøving, i tillegg til årsstudium i Idrett og Samfunn. Utdanna ved OsloMET og NIH.

VIL DU TRENA MED ANDRE ÒG?

Kjøp medlemskap for å bli med!

Send oss ei melding

Lurer du på medlemskap, introkurs, personleg trening eller kva som helst anna som gjeld Hardingboksen og functional fitness?

970 22 728

eirik@hardingboksen.no

Hardangerfjordvegen 571, 5610 Øystese

Følg oss på Instagram

Du godtar å motta nyhetsbrev frå oss ved å sende denne meldinga.