Hopp til innholdet

Spørsmål & svar

Her finn du svar på dei vanlegaste spørsmåla som gjeld Hardingboksen og Functional Fitness.

Finn du ikkje svar på det du lurar på, kan du senda oss ein e-post.

Korleis blir eg medlem?

Først anbefaler me at du melder deg på ein gratis prøvetime. Deretter tar du kontakt med oss for å finna ut når neste introkurs er. Når du har gjennomført introkurset, kan du kjøpa eit prøvemedlemskap, slik at du får prøvd ut treningsforma nokre månadar. Og om dette er noko for deg, melder du deg inn etter at prøveperioden er ferdig.

Kva gjer eg første gongen eg kjem til Hardingboksen?

Gå inn hovuddøra (raud dør midt på langsida av bygget), ta neste dør rett fram (ny raud dør), og gå gjennom gangen. Der set du av deg ytterskoene dine, og byter til innesko. Gå deretter inn den tredje raude døra, og du er inne i boksen. Der vil ein av trenarane ta deg i mot, og du får sagt hei til dei andre medlemma før me set i gang timen.

Møt gjerne opp 10-15 minutt før timen startar første gongen du kjem, så kan ein trenar få tid til å prate litt ekstra med deg. Då kan du fortelle om du har skadar eller andre spesielle hensyn me må ta, og du kan fortelle litt om eigen treningsbakgrunn og måla dine.

Tilbyr de drop-in?

Ja, me tilbyr to ulike drop-in-produkt. Om du har introkurs, eller god erfaring med Functional Fitness/CrossFit, har du full tilgang til alle timar i timeplanen. Eller så har me ein drop-in for dei utan introkurs, som gjev tilgang til timane våre på torsdagar og laurdagar.

Kva tar eg med meg på ein time?

Ha på deg deg reine og komfortable kle, og ta med reine innesko og drikkeflaske.

Bruk sko tilpassa økta. Dvs. at om me skal springe mykje, ta på deg joggesko, men om det er løfting som er houvddelen av økta, bør du ha stabile sko. Gjerne vektløftings- eller functional fitnessko.

Kva programmering følger de?

Me programmerer all øktene våre sjølv. Det har me gjort sidan dag éin, og dette planlegg me å halda fram med vidare.

Det er fleire fordelar med å programmera øktene sjølv:

  1. Me sikrar at all programmering harmonerer med utstyret og medlemsmassen vår.
  2. Me har konstant feedback frå medlem, som sikrar utvikling og tilpassing av programmeringa.
  3. Hardingboksen sine økter er unike, og tilbyr noko du ikkje får andre stader i verda.
Kva er skilnaden på CrossFit, Hyrox og Functional Fitness?

Functional Fitness er ei treningsform som består av funksjonelle øvingar. Me kombinerer styrkeløft, vektløfting, turn og kroppsvektstrening, for å forbetre styrke, koordinasjon, mobilitet og uthald. Eller sagt på ein annan måte: Me forbetrer funksjonaliteten til kroppen din. CrossFit og Hyrox er registerte varemerker, som organiserer konkurransar og treningssenter (affiliates) der dei driv med functional fitness.

Ein må vera lisensiert av CrossFit for å kunne kalla seg for CrossFit-boks. Det same for Hyrox.

Hyrox er ein standardisert form for Functional Fitness, dvs. at du veit kva øvingar du møtar i kvar konkurranse: Bl.a. er det alltid 8 x 1 km springing. Og samtlege kompliserte øvingar, som olympisk løfting og turn, er tatt bort. I staden for har dei roing, staking, wall ball shots, slede (både dra og dytt), burpee broad jumps, gåande utfall og farmer’s walk.

I praksis vil ein Functional Fitness-boks, Hyroxboks og eit CrossFit-boks opplevast heilt likt for den som trenar der, med det same utstyret. Men, kanskje vil ein reint Hyrox-boks ikkje tilby kompetanse og økter med fokus på olympisk løfting og turn.

Er de opne for eigentrening?

Ja, er du medlem har du tilgang til Hardingboksen i heile opningstida, frå 07:00 til 21:00 kvar dag.

Me har ingen automatisert løysing for adgang, dvs. at du kan ikkje kjøpa eit medlemskap og få tilgang til ytterdøra umiddelbart. Første gong du besøker oss, må du koma på ein time.

Tilbyr de introkurs?

Ja, me har eit obligatorisk introkurs for alle nye medlem. Der går me gjennom alle grunnleggande øvingar, teknikkar, metodar, reglar og treningskultur. Introkurset er både for å sikra trygg gjennomføring av all trening, men òg for å sikra at fellesskapet sine reglar og treningskultur blir vidareformidla til nye medlem.

Har du gjennomført introkurs på eit tilsvarande senter ein annan stad, ta kontakt med oss, så skal me sjå på det saman.

Tilbyr de gratis introduksjon eller prøvetimar?

Jepp! Om du bur i Kvam, og er interessert i bli medlem, kan du booka ein gratis prøvetime, eller kjøpa prøvemedlemskap til redusert pris. Om du berre ønskar ein omvisning på boksen, for å sjå på våre fasilitetar og utstyr, ta kontakt.

Er du kun på besøk ei helg eller ein ferie, er du hjarteleg velkomen til å kjøpe ein ordinær drop-in.

Må du vere i god form for å bli medlem på Hardingboksen?

Nei! Du blir i god form av å vere med på våre treningar, og treng på ingen måte å vere det før du startar. Me tilpassar og justerer alt i starten, og skalerer gradvis oppover etterkvart som du meistrar øvingane og får betre styrke, uthald og mobilitet.

Når det er sagt, så er det ingen ulempe å ha trent styrke og uthald tidlegare.

Å trene på Hardingboksen er moro, men på ingen måte enkelt. Du må ha disiplin til å møta opp veke etter veke, òg på dei dagane du ikkje har lyst å trene. Og me forventer at du gjennomfører øktene med full innsats, og at du presser deg hardt, gong etter gong. Det er ukomfortabelt akkurat mens du held på. Men, det er når du velger det ukomfortable at du får det mest komfortable livet – det enklaste livet. Eit liv med god fysisk styrke og uthald, ein rå psyke og eit støttande fellesskap rundt deg.

Tilbyr de personleg trening?

Ja, me tilbyr personleg trening med trenarar som er erfarne og kompetente i samtlege øvingar og teknikkar i Functional Fitness. Sjå meir om personleg trening her.

Korleis ser ein typisk time ut på Hardingboksen?

Kvar gruppetime varar i 60 minutt, og inkluderer gjennomgang av programmet, oppvarming, teknikk- og/eller styrketrening, før me avsluttar med ein WOD: Intens, funksjonell trening. Alle gruppetimar i timeplanen har trenar, som rettleier og instruerer deg gjennom heile økta, slik at du føler deg trygg og sjølvsikker på kvar einaste trening. Vil du lese meir om kva me gjer på øktene, samt sjå timeplanen vår, trykk på Timeplan i menyen.

Har de garderobar?

Ja, me har både herre- og damegarderobar. Per i dag har me ikkje dusjar, men det kjem etterkvart.

Kor parkerer eg?

Me har stor parkeringsplass framfor inngangsdøra. Heile nordsida av bygget (langsida) er for parkering.

Korleis reiser eg til Hardingboksen med offentleg transport?

Det er busstopp ca. 200 meter frå oss. Stoppet heiter Evjo.

Er de på sosiale medier?

Ja, me har Instagram. Du kan følgja oss på @hrdng__

Kor kan eg lesa kva andre seier om Hardingboksen?

Du kan lesa tilbakemeldingar frå våre medlem på vår Google Business-side.

Korleis seier eg opp mitt medlemskap?

Send oss ein e-post i god tid før neste trekkdato, så ordnar me det for deg. Du betaler for inneverande månad, pluss éin månad til.

Dette gjeld ikkje medlemskap med bindingstid. Då må først bindingstida gå ut.

Kan eg frysa medlemskapet mitt?

Ja, du kan fryse medlemskapet ditt i 1-3 månadar per kalenderår dersom du har ei stadfesting på gyldig grunn, f.eks. legeerklæring eller tjenesteplikt.

Send oss ein e-post i god tid (minst 30 dagar) før ønska fryseperiode, så vurderer me det.

Send oss ei melding

Lurer du på medlemskap, introkurs, personleg trening eller kva som helst anna som gjeld Hardingboksen og functional fitness?

970 22 728

eirik@hardingboksen.no

Hardangerfjordvegen 571, 5610 Øystese

Følg oss på Instagram

Du godtar å motta nyhetsbrev frå oss ved å sende denne meldinga.