Hopp til innholdet

PAPPATRENING

Pappatrening er eit tilbod for fedre i pappapermisjon. Me har fram til no kun tilbydd barseltrening for mammer på Hardingboksen. No får endeleg papper eit tilsvarande tilbod. Om du ønsker å fylle dagane i permisjon med noko meiningsfullt i samvêr med barnet ditt, er dette eit tilbod for deg. Me kombinerer sosialt fellesskap og funksjonell trening, og trenar både roleg og hardt i samvær med borna. Uansett om du tek ut permisjonen når barnet er 30 veker eller tre år gamalt.

Kvar onsdag i åtte veker

Pappagruppa er kvar onsdag i åtte veker. Det blir to grupper etter sommarferien:

  • Gruppe 1 startar den 19. august, og siste økt vert 7. oktober.
  • Gruppe 2 startar 14. oktober, og siste økt vert 2. desember.

Ein får kun tilgang som fast medlem eller ved å kjøpa Pappa-medlemskapet vårt. Pappamedlemskapet gjev kun tilgang til pappatreningane. Ein melder seg på heile perioden før oppstart, og drop-in er ikkje mogleg for å sikra ei stabil gruppe. Du kan melde deg på fleire grupper om ønskeleg.

Tidspunkt: kl. 12:30-13:30.

Pappatrening tar hensyn til den enkelte

Ikkje alle pappaer har trent like mykje før. Dette vil me ta hensyn til, og ønsker alle fedre i pappaperm velkomen – uansett kor godt trent du er. Me skal trena både roleg og hardt, men alltid med hensyn til den enkelte, og dei føresetnadane de har. Utanom treninga, vil dette vere ein fin stad å møte andre fedre i permisjon, og det vil vera rom for prat undervegs. Heile vegen saman med barna.

Treng ikkje tidlegare erfaring

Pappatreninga hjå oss passar for alle, og du treng ikkje tidlegare erfaring med funksjonell trening eller CrossFit for å kunne delta. Du treng ikkje vere sterk eller ha perfekt teknikk. Du treng ikkje kunne ein einaste pull-up, eller kunne gå på hendene for den del. All trening tar utgangspunkt i ditt noverande nivå, og alle øvingar og økter er skalerbare.

Timane vil bestå av oppvarming, tung og funksjonell styrke- og/eller teknikktrening, samt ein intensiv uthaldsdel som avslutning. Me bygger øvingsutvalet, belastning og intensitet gradvis opp gjennom perioden, slik at alle kroppar får tid til å tilpassa seg denne typen trening.

Meld deg på pappatrening

Pappatreninga har maksimalt 14 tilgjengelege plassar, og det er ikkje mogleg å melda seg på etter oppstart.

Frå pappatrening til fullverdig medlem

Føler du deg klar for både pappatrening og vanleg trening på boksen? Då kan du kjøpa eit ordinært medlemskap (krev introkurs). Om du merker at denne treningsformen er noko du vil gjere meir av, kan du bli eit fullverdig medlem på Hardingboksen allereie no.

Har du spørsmål som gjeld pappatreninga, ver vennleg å ta kontakt 🙂

Send oss ei melding

Lurer du på medlemskap, introkurs, personleg trening eller kva som helst anna som gjeld Hardingboksen og functional fitness? Me står klare til å svara på dine spørsmål!

970 22 728

Hardangerfjordvegen 571, 5610 Øystese

Følg oss på Instagram

Du godtar å motta nyhetsbrev frå oss ved å sende denne meldinga.